Legg vekk drapssaka mot 13-åring

25. november 2013 20:07

6 0

Legg vekk drapssaka mot 13-åring

Det har gått ein og ein halv månad sidan guten blei pågripen for drapet på fosterbroren sin, i heimen i Sagvåg på Stord.

Han vedgjekk ugjerninga, og helsevesenet skulle bruke 10 dagar på å vurdere guten. Men framleis vurderer dei om han har ein diagnose, og kva dei skal gjere med han.

– Han blir tatt godt vare på, og er under utgreiing. Det skal han ein periode til, seier ordførar Liv Kari Eskeland i Stord kommune.

Hendinga i Sagvåg skapte ein situasjon ingen i landet har opplevd før. NRK har snakka med både helsepersonalet som vurderer guten, og advokaten som er nemnd opp som verje. Dei vil ikkje stille til intervju, men opplyser at det vil ta fleire veker å få svar på om guten er sjuk og kva liv han skal få.

– Dersom det skal bli løysinga vil vi få tid på oss til å rigge eit tilbod i samsvar til det, seier rådmann Magnus Mjør i Stord kommune.

Kva han har forklart om drapet på den tre år gamle fosterbroren blir verande skjult for omverda. Det meiner ordføraren folk på Stord har slått seg til ro med.

– Det er ein heilt spesiell situasjon og folk har slått seg til ro med at det nok ikkje er alle svar ein kjem til å få, seier Eskeland.

Kilde: nrk.no

Til kategori siden

Loading...