Tenåring og butikksjef

22. november 2013 14:06

25 0

Tenåring og butikksjef

[Firda] Marie Constance har nemleg ein litt annan jobb enn dei fleste tenåringar – ho er butikksjef for CMYK accessories i Førde i Sogn og Fjordane.

– Det er ganske mange som har vanskeleg for å tru at eg er butikksjef, seier Marie Constance Solheim frå Bygstad, og smiler.

Heilt sidan butikken CMYK vart starta opp i Førde for eit par år sidan, har ho vore tilsett som ekstrahjelp. Ho ønskte etter kvart meir utfordringar, og søkte på stillinga som butikksjef. I september underteikna ho kontrakt.

– Eg vart ganske sjokka når eg fekk jobben. Det var nok mange gode kandidatar som søkte, og eg hadde i grunn ikkje trudd eg kom til å få den. Eg vart utruleg glad og synest det var veldig kjekt.

Solheim, som snart fyller 19 år, har teke allmennfagleg utdanning ved Hafstad vgs. I tillegg til å vere ekstrahjelp ved CMYK har ho arbeidd på ein kafé, men å vere butikksjef var heilt nytt.

– I starten var det veldig mykje å setje seg inn i, og det tok tid å få alt på plass. No har eg begynt å komme inn i rolla, og ting går mykje betre. Arbeidet er kjekt, byr på utfordringar og er lærerikt.

Solheim fortel at jobben til tider kan vere vanskeleg, med mange arbeidsoppgåver og stort ansvar. Nokre typiske gjeremål er å ta oppgjer, rydde lager, bestille varer, kundehandsaming, samt fylle ut rapportar og skjema.

– Det er òg viktig å tilpasse butikken til kundane sine behov og ønske, så vi ommøblerer stadig vekk lokalet.

Kilde: nordlys.no

Til kategori siden

Loading...