Walstad sluttar i Brann

20. november 2013 15:36

30 0

Walstad sluttar i Brann

Sportsadministratoren har brukt dei to siste vekene til å tenke seg om etter at Rune Skarsfjord trakk seg som trenar. No ser han etter nye utfordringar.

– Det er ein heilskapsvurdering som handlar litt om det som har skjedd dei siste par vekene, etter at Skarsfjord slutta.

Rolf-Magne Walstad har vore sportsleg administrativ ansvarleg sidan august 2011. No gir han seg i klubben.

På eit styremøte i Brann tysdag denne veka, vart det bestemt at Brann skal opprette ei stilling som sportssjef. Medan Walstad har vore i klubben har han vore under hovudtrenar Rune Skarsfjord.

– Vi har komme fram til at Brann i jakta på ny sportssjef er best tent med at bordet er mest mogleg rydda, seier Walstad.

Han fortel vidare at han har brukt dei siste vekene på å tenke over korleis tida framover skal bli. No vil han gå nye vegar.

– Når ein ny sportssjef skal på plass, samstundes som klubben skal tilsette ny hovudtrenar, vel eg å leite etter nye utfordringar i staden.

Kilde: nrk.no

Til kategori siden

Loading...